Farleg avfall

Målingsspann i plast med rester

Sorterer de som Farleg avfall i

Greit å vite

  • Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjanser: levér det uansett som farleg avfall.
     
    Farleg avfall inneheld miljø-og helseskadelege stoff og kan gjere stor skade om det havnar på avvege (eller i restavfallet).

Malingsspann i plast som er heilt tomme og tørre sorterer du som plastemballasje.

Kor tomt er tomt nok? Om du kan halde malingsspannet opp-ned utan at det renn maling ut av det, er det tomt nok for sortering. Er det eit tjukkare lag med størkna maling igjen i botn, leverer du malingsspannet som farleg avfall.

Ei lita skvett igjen? Bruk siste rest til å male f.eks. hyllar, rammar og vasar.

Fleire restar i boden? Maling har ingen haldbarheitsdato, og kan halde i fleire år om lokket er tett og temperaturen i bod/kjellar er jamn (frostfritt). Eit tips er å skrive dato på spannet, så huskar du når du brukte malinga sist.

Lukter malinga rart eller mugg når du opnar den, kan den dessverre ikkje brukast. Ser den ut som den skal og luktar riktig er det bere å røre godt om før bruk.

Fjern eventuell snerk på toppen før du røyrar. Viss det størkna laget er tjukt og hardt er malinga blitt dårlig, og kan dessverre ikkje brukast.

Får du blanda resten av malinga godt frå topp til botn, utan at den følas seig i botn er det bere å male i vei. Det kan være lurt å ta eit teststrøk på eit lite synlig sted først, for å sjå at malinga fungerer som den skal.

Kjelde: ifi.no