ElektronikkSmåelektronikk

LED-lys

Sorteres som Elektronikk eller Småelektronikk i

Greit å vite

  • Elektriske produkt inneheld råvarer det er krevjande å utvinne, og mange er det begrensa av. Mange råvarer vert henta ut fra gruver på andre kontinenter og det er det store utslepp forbunde med utvinning.

  • Elektronikk blir levert gratis til alle butikkar som sel same type produkt, uavhengig av merke, eller til næraste gjenvinningsstasjon.

Lever øydelagte LED-lys/elektriske lys til ein butikk som sel same type produkt (lysslynger, elektriske stearinlys, solcellebelysning og lignande). Du må ikkje ha kjøpt produktet der for å levere det inn, og det treng heller ikkje være same merke.

LED-lys som vert kasta feil kan føre til brann. Kvar einaste dag er det brann ved norske avfalls- og gjenvinningsanlegg, og batterier, og batterier i elektronikk, er hovedårsaka til desse brannene.

Ta vare på kvitteringa.

Sjølv om produkta er små og billige, har du same kjøpsgaranti og rett som når du kjøper andre elektriske produkt.