Kvikksølvhaldige termometer
Sorterer de som farleg avfall i
Greit å vite
- Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjanser: levér det uansett som farleg avfall.Farleg avfall inneheld miljø-og helseskadelege stoff og kan gjere stor skade om det havnar på avvege (eller i restavfallet).
Kvikksølvtermometer blei forbode å selge i Noreg i 1998. Har du eit nyare termometer, inneheld det ikkje kvikksølv.
Om uhellet er ute:
- Samle opp knuste kvikksølvkuler med eit fukta papirhandkle. Om det er vanskeleg å komme til i sprekker, tepper eller liknande, strø på svovelpulver eller fikseringssalt og la det ligge over kulene i minst eit døgn. Pulveret bind seg til kvikksølvet og hindrar vidare fordamping. Svovelpulver får du kjøpt på apoteket, medan fikseringssalt får du i fotobutikkar.
- Fjern så kvikksølvet og oppbevar det i tett emballasje, f.eks. eit lukka syltetøyglas.
- Luft godt ut av rom der det har blitt sølt kvikksølv.
Unngå å bruke støvsuger. Varmen i støsugaren kan danne giftig kvikksølvdamp og spre dampen endå meir. Slå av varmekablar i golvet for å redusere fordampinga.
Kjelde: Giftinformasjonen, Folkehelseinstituttet
