MetallGjenstandar til ombruk

Gryter og panner

Sorteres som Metall eller Gjenstandar til ombruk i

Gryter og panner leverer du som metall på gjenvinningsstasjonen. Det er berre emballasje av metall, og ikkje produkt av metall, du sorterer som glas- og metallemballasje.

Gje gryter og panner (nesten) evig liv!

Tips til bruk som forlenger livet:

  • La gryter og panner varme seg rolig opp for å unngå temperatursjokk, for eksempel på styrke seks eller sju, i staden for å skru på maks.
  • Gryter og panner med non stick-belegg, som teflon, tåler ikkje gaflar og andre jern- og stålprodukt så godt. For å være på den sikre sida, kan du bruke mjuke reiskap av tre eller plast. Stålull kan lage små ripar i belegget.

Vasketips som forlenger livet:

  • La gryter og panner kjøle seg ned før du vaskar dei slik at dei ikkje får temperatursjokk.
  • Gryter og panner med belegg vaskar du med oppvaskmedel og oppvaskbørste.
  • Gryter og panner i jern føretrekk berre vatn, sidan såpe kan tørke ut emaljen. Vanskelege matrestar kan du fjerne ved å koke opp vatn i jerngryta eller jernpanna. Hjelp gjerne til med oppvaskbørsten mens det koker.
  • Tørk jerngryter og jernpanner heilt, før du sett dei i skap eller skuff. Smør dei gjerne med litt nøytral matolje innimellom. Då førebyggjer du for rust!
  • Legg gjerne noko mellom grytene og pannene, om du pleier å stable dei oppå kvarandre, for å unngå riper og bulkar. Du kan for eksempel bruke klutar eller kjøkkenhandkle som syng på siste verset.