Vaffeljern
Sorteres som Elektronikk eller Småelektronikk i
Greit å vite
Elektriske produkt inneheld råvarer det er krevjande å utvinne, og mange er det begrensa av. Mange råvarer vert henta ut fra gruver på andre kontinenter og det er det store utslepp forbunde med utvinning.
Elektronikk blir levert gratis til alle butikkar som sel same type produkt, uavhengig av merke, eller til næraste gjenvinningsstasjon.
Slik tar du best mogleg vare på vaffeljernet:
- Bruk kun vatn når du skal rengjere (såpe ødelegg belegget)
- Bruk tre- eller plastreiskaper (metallreiskap skrapar opp belegget)
- Ha fettet i røra, og ikkje på vaffeljernet
- Ha tørkepapir mellom flatane når du ikkje brukar det (sug til seg overflødig fett og beskyttar belegget)
- Rens jernet med ein "rensevaffel"; Skubb jernet med ein oppvaskbørste med varmt vatn på. Bland saman 0,5 desiliter vatn, 1 desiliter kveitemjøl og to spiseskjeier salt. Rør saman, og hell røra i vaffeljernet og steik som ei vanleg vaffel. Kjelde: Godt.no