RestavfallMetall

Termos

Sorterer de som Restavfall eller Metall i

Termos i blanda materiale (metall, glas og plast) kastar du i restavfallet.

Termos av metall leverer du som metall på næraste gjenvinningsstasjon.

Korleis ta vare på og sørgje for at du kan bruke termosen gong på gong?

Ein god termos held på temperaturen. Skuffelsen kan difor bli stor om den etterlengta koppen med kaffi, te eller toddy ikkje smakar så godt som forventa. Årsaka kan vere reingjeringa. Her er nokon gode måtar for å få vaska termosen, slik at den kan bli med på tur gong etter gong.

Du treng: klar eddik, vatn, ris Tidsbruk: ca. 5 min

  1. Fyll termosen med varmt vatn og 1/4 kopp klar eddik. La det stå eit par minutt, hell ut og skyl termosen godt.
  2. Om termosen framleis er skitten, ha i litt ukokt ris. Det vil fungere som eit slipemedel for å skrape skitten av.
  3. Lukk og rist godt.
  4. Hell ut risen, skyl termosen og la den lufttørke.

Kjelde: Tavarepådetduhar.no