Plastemballasje

Solkremtube

Sorteres som Plastemballasje i

Greit å vite

  • Plastemballasjen er klar for sortering når det ikkje er matrestar eller andre produktrestar igjen.

Sjølv om tuben verker tom, pleier det å være rikeleg med solkrem igjen. Klipp tuben i to, så har du solkrem i nokre dagar til, samtidig som tuben blir tom nok for sortering.

Det går fint om det er eit tynt lag igjen i tuben når du sorterer.

Held kremen ein sesong til?

Sjå etter eit “open krukke-merket” på kremen. Dette fortel kor mange månadar produktet er haldbart etter du opna det første gong. Haldbarheita påverkast av korleis du har oppbevart solkremen, den skal ha hatt det mørkt og ikkje for varmt. Oppbevar den i kjøleskapet eller andre mørke skap som held jamn temperatur. Hugs å leggje den i skuggen om du har den med deg på stranda.

Seier merket at solkremen er haldbar, og du har oppbevart den riktig, kan du framleis bruke den. Berre hugs at solkremen kanskje ikkje beskyttar like godt lenger.

Kjelde: Kreftforeningen