RestavfallFarleg avfall

Skismurning

Sorterer de som restavfall eller farleg avfall i

Greit å vite

  • Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjanser: levér det uansett som farleg avfall.
     
    Farleg avfall inneheld miljø-og helseskadelege stoff og kan gjere stor skade om det havnar på avvege (eller i restavfallet).

Alle restar av skismurning som inneheld fluor og fluorkarbon leverer du som farleg avfall. Dette gjeld både for voks, glider, glidevoks og klister.

Skismurning går ikkje ut på dato og du kan bruke den sesong etter sesong. Den vil kunne miste nokre av eigenskapane sine over tid, men oppbevarer du skismurningen kaldt (til dømes i kjeller eller bod), så held den godt. Ubrukt skismurning, som i tillegg er oppbevart kaldt, kan halde i 10-15 år.