Matrestar
Sorteres som Matavfall i
Greit å vite
Større mengder flytande matrestar heller du over i ein lukka behaldar/plastflaske og kastar i restavfallet.
Skrap matrestane rett i matavfallet. Våte restar frå suppe og saus kan du tørke bort med ein brukt serviett eller tørkepapir.
Har du flytande matrestar du ikkje får spist opp kan du sortere små mengder i matavfallet.
Skyl du matrestar ut i vasken eller i toalettet kan det skape problem i avløpsnettet og tiltrekke seg rotter. Les meir om dette hos Norsk Vann.
Det finnes mange gode tips og oppskrifter slik at matrestar blir ete opp og matsvinn unngås. I Bruk-opp-leksikonet til Matvett finn du oppskrifter for ulike matrestar. Å kaste mindre mat er ikkje berre bra for miljøet, det er også bra for lommeboka.
Gode tips til å kaste mindre mat:
- Planlegg innkjøpa dine og bruk handleliste (sjekk kva du har i kjøleskapet og frysaren før du handlar).
- Rydd i kjøleskapet, så veit du kva du har.
- Oppbevar maten din riktig. Fisk og kjøtt treng å ha det kaldare enn grønsaker.
- Bruk sansane dine. Sjølv om maten har gått ut på dato, betyr det ikkje at den ikkje kan etes. Sjå, lukt, smak for å sjekke.
- En slapp salat blir som ny etter eit isbad, og blaute tomatar kan brukas i ein tomatsaus.
- Avkjøl maten raskt, og frys eller legg i kjøleskapet det du har til overs.
- Oppbevar restar i tette boksar.
- Frys brød som ikkje skal etes neste dag (andre matrestar kan også fryses ned).
- Ha restemiddag ein dag i veka. Bruk opp restar av råvarer og ferdige retter før du handlar ny mat. Er det måndag med restar frå helgen som passer best? Eller torsdag før du skal handle til helga? Restar kan bli til god lunsj eller eit spennande tillegg i matpakka.
Basert på råd frå Forbrukerrådet og Matvett.