Restavfall

Malepensel og malerull

Sorterer de som restavfall i

Ein god vask forlengjer livet!

Det er ingen grunn til å kaste malarutstyret når jobben er unnagjort. Ein god malarkost kan brukas om og om att. Det er både enkelt og miljøvennleg å reingjere og oppbevare malarutstyret på ein smart måte:

  • Skrap og stryk av så mykje maling som mogleg frå penselen, kosten eller rullen.
  • Sett dei i vatn slik at resten av malinga får løyst seg opp. Trykk penselen/kosten forsiktig ned og bøy busta i alle retningar, slik at vatnet kjem til overalt. Gjenta fleire gonger om nødvendig.
  • Ta ut penselen/kosten eller rullen, og vask vekk dei siste malingsrestane med såpe og vatn.
  • La dei gjerne tørke hengande. Da beheld kosten forma og du unngår at vatn samlar seg i kostehovudet, noko som potensielt kan øydelegge liminga.
  • Smør inn dei reine og tørre penslane med grønsåpe før du legg dei bort.

Kjelde: tavarepadetduhar.no