Restavfall

Kaffekapsel i metall eller plast

Sorteres som Restavfall i

Brukte kaffikapslar er ofte i aluminium eller plast, og kan kjeldesorterast som metallemballasje eller plastemballasje heime. Men då må du tømme kapslane for rester først, og det forventar vi ikkje at du skal gjere. Gjer det om du har overskot til det, hvis ikkje kastar du kapslane i restavfallet.

Nespresso-kapslar: Brukte Nespresso-kapslar leverer du inn til Nespresso sine butikkar. Du kan også samle kapslane i Nespresso sin eigen gjenvinningspose og levere den på Posten, eller til Nespresso-bodet om du får levert nye kaffikapslar på døra. Meir informasjon finn du her.

Nescafé Dolce Gusto (frå Nestle):
Meld deg gratis inn i resirkuleringsprogrammet. Tøm dei avkjølte kapslane for væske, og legg i ein tett pose eller eske. Når posen eller eska er full, skriver du ut ein fraktetikett frå same nettside, og leverer posen eller eska til Bring som sender den vidare til Nestlé. Meir informasjon her.

Sjekk om det finns gjenbrukbare kaffikapslar til din kaffimaskin.