Elektronikk

Harddisk

Sorterer de som elektronikk i

Greit å vite

  • Elektriske produkt inneheld råvarer det er krevjande å utvinne, og mange er det begrensa av. Mange råvarer vert henta ut fra gruver på andre kontinenter og det er det store utslepp forbunde med utvinning.

  • Elektronikk blir levert gratis til alle butikkar som sel same type produkt, uavhengig av merke, eller til næraste gjenvinningsstasjon.

Slett alt innhaldet og formater harddisken før du leverer den inn. Dei fleste innleveringssteder har ein eigen boks for trygg innlevering av pc, mobil og harddiskar. Du kan også bruke eigne programvarar for å vere sikker på at all data er sletta.

3 tips for å forlenge harddiskens liv:

  1. Unngå slag, fall og støyt. Harddiskar verker tunge og robuste, men inneheld små delar som tåler fysiske støyt dårleg.
  2. Beskytt harddisken mot varme. Over oppheting kan føre til fysiske skadar på harddisken og andre delar av pcen din.
  3. Kvilemodus eller heilt av? Om du er borte frå pcen berre eit par timar er det betre å sette den i kvilemodus enn å skru heilt av. Det krev meir å starte opp disken når den er avskrudd, enn å vekke den frå kvilemodus. Skal du ikkje bruke pcen på ein stund er det betre å skru den av for å unngå slitasje, og spare strøm.


Kjelde: Komputer.no