Restavfall

Eingongsbestikk

Sorterer de som Restavfall i

Alle typar eingongsbestikk, om det er laga av plast, tre, papir eller merka som nedbrytbart/komposterbart materiale, kastar du i restavfallet.

Frå juli 2021 gjeld EUs forbod mot eingongsartiklar av plast. Fleire stader erstattas desse med eingongsartiklar av andre materialer. Nokon er merka som nedbrytbart eller komposterbart, men desse kan kun komposterast ved industriell kompostering, noko vi har lite av i Noreg.

Bytt frå eingongs til fleirgongs! Eingongsbestikk har eit kort liv uansett kva det er laga av. Bytt til noko du kan bruke om og om att. Det fins turbestikk i små, smarte forpakningar som du enkelt får plass til i veska og sekken. Nokre har same størrelse og løysing som ein lommekniv, noko som gjer det enda enklare å ta med seg, og med ein spork får du alt i eitt.

Må du ta lunsjen på farta? Velg noko du ikkje treng bestikk til, eller legg turbestikket i veska eller sekken du brukar mest. Eller i skuffen på kontoret, så er du alltid beredt!