Papp
Papp er emballasje som blir brukt til innpakning av alt frå møbler, kvitevarer og matvarar, til flytteesker.
Greit å vite
Brett pappen saman slik at det tar minst mogleg plass i behalderen.
To lag papir er limt på kvar side av eit bølga papir, difor blir pappen ofte kalla for bølgepapp.
Slik gjer du det
Har du store mengder papp, leverer du det til næraste gjenvinningsstasjon.
- Fjern plast, isopor, matrestar og andre materialar frå pappen.
- Brett pappen godt saman. Da tar den mindre plass og du får meir plass i dunken.
- Sortér.
Typiske ting du sorterer som Papp
Transportemballasje, Flytteesker, Vinkartong i papp, Pappeske.
