Plastemballasje

Plastemballasje er den plasten som matvarer og andre produkt er pakka inn i. Den viktigaste oppgåva til plastemballasjen er å beskytte varen, så den kjem seg heilskinna frå produsenten til handlenetta og heima våre.

Produkt i plast sorterer du ikkje saman med plastemballasje. Kjøper du for eksempel ein tannbørste i plast, sorterer du innpakninga som plastemballasje og/eller papir, avhengig av kva for eit materiale den er laga av. Sjølve tannbørsten kastar du i restavfallet. Større produkt i plast, som øydelagde hagemøblar, leverer du til din næraste gjenvinningsstasjon.

Greit å vite

  • Plastemballasjen er klar for sortering når det ikkje er matrestar eller andre produktrestar igjen.

Slik gjer du det

Plastemballasje er klar for sortering når den er tom for restar. Ei tom påleggspakke for eksempel, er klar for sortering når den er tom for påleggsrestar (et tynt feittlag går greit). Eit rømmebeger skyl du før sortering.

  1. Matrestar som ikkje kan etes, sorterer du som matavfall.
  2. Skyl emballasjen i kaldt vatn og hjelp til med oppvaskbørsten om det er nødvendig. Flasker kan du fylle med vatn og riste.
  3. Rist emballasjen drypptørr, eller la den tørke litt. Mykje vatn med emballasjen kan gjere at det dannar seg mugg, i tillegg til at unødvendig mykje vatn blir transportert.
  4. Sortér.

Typiske ting du ikkje sorterer som Plastemballasje

Tilgriset emballasje, Plastprodukter, Vedsekk, Blandingsemballasje.

Dette lurer mange på