Flasker og boksar med pant

Pant alle boksar og flasker med pantemerke. Når du pantar får du tilbake pantebeløpet som du betalte når du kjøpte produktet.

Du kan levere og få utbetalt pant hos alle butikkar som sel flasker og boksar med pant. I butikkar og kioskar utan panteautomat kan du pante ei avgrensa mengde, pga plassmangel i kiosk og bensinstasjonar. Har du mykje som skal pantes, kan dei vise til ein butikk med panteautomat.

Slik gjer du det

  1. Ha ein fast stad heime der du samlar boksar og flasker som skal pantes.
  2. Pant i butikken der du handlar eller på næraste butikk eller kiosk om du er på farta.

Dette lurer mange på