Batteri

Batteri er alt frå småbatteri i klokker, til vanlege batteri du bruker heime og store nødstraumsbatteri. Samle brukte batteri i eit syltetøyglas, ein isboks eller ein annan behaldar. Levér inn batteri regelmessig, for eksempel samtidig som du panter flasker. Da unngår du å samle opp store mengder batteri, som kan utgjere ein brannfare. Du kan levere batteri gratis til alle butikkar som sel same type batteri, uavhengig av merke. Batteri som feilaktig blir kasta i restavfallet er ein brannrisiko – både i avfallsbehaldaren, under transport og på gjenvinningsanlegget.

Greit å vite

  • Batteri blir levert gratis til alle butikkar som sel same type batteri, uavhengig av merke.

Slik gjer du det

  1. Teip polane på batteria før du leverer dei inn. Det er ofte litt restenergi i batteria, og da unngår du at dei utgjør ein brannfare.
  2. Ta med batteria og lever gratis til butikken når du handlar (eller når du skal til gjenvinningsstasjonen).
  3. Levér inn!

Dette lurer mange på