PT-EKSPERTEN: Kjøp kun ting du virkeleg elskar

Norges fremste personlige trener holder ikke bare kroppen i toppform. For Yngvar Andersen er det en hjertesak å være en bevisst forbruker og slanke restavfallet. Sjekk ut hans inspirerende tips.

Del denne saken

Hva kan man gjøre for å få restavfallet ned i vekt?

– Ein bra måte er å alliere seg med nokon som kan skryte av det du får til og mildt i rettesette når du er i gang med å gjere ei blemme. Vi har tre små jenter og saman har vi laga eit søppelteam som fungerer veldig bra! Vi har saman funne ut at det som absolutt skal unngåast, er å kaste mat. Det skjer så å seie aldri her i huset. Vi er blitt ekspertar på å finne smarte og smakfulle måtar å bruke opp restar og ting som er utgått på dato. Vi lagar vafler og brød med alt mulig rart i, frå linse-og råkostrestar til havregrautslantar, vi brukar osterestar og tørt brød som topping på pasta og gratengar, medan rødvin og fløyterestar blir helt i isbitformer, frose og brukt i sausar. Kokt quinoa, ris og bygg blir til superduper graut dagen etter – eller til risotto! Vi sparer også mykje tid på å bruke gårdagsens middag som base til dagens. Det er jo perfekt å gjere som italienarane – lage omelett med pasta og risrestar og koke parmesanskalken i suppegryta som buljong (berre husk å ta ut ved servering).

Vi er blitt ekspertar på å finne smarte og smakfulle måtar å bruke opp restar og ting som er utgått på dato.

Hva er viktig for å oppnå varige resultater?

– Ikkje handle ting av gammal vane – planlegg innkjøpa. For den som ikkje huskar så godt kan det for eksempel lønne seg å ta eit kjapt bilde med mobilen av innholdet i matskapet og kjøleskapet. Vær kreativ på kjøkkenet. I dei aller fleste rettar kan du lett bytte ut ein ingrediens til fordel for ein annan. Det er jo slik nye oppskrifter blir til! Vær ein bevisst forbrukar. Vi velg alltid dei rareste grønnsakene i butikken, leiter etter brune bananer (dei er sunnast, smakar best og gjer at du kan kutte sukkerinnholdet i alt frå heimelaga vafler og syltetøy til smothies og dessertar). Viss vi veit at vi skal bruke for eksempel smør til ei kake samme dag, velg vi alltid den med kortast holdbarheit.

Når det gjeld forbruket ellers, så trur vi på å kun kjøpe ting og klær som ein verkeleg elskar, ikkje fordi det er på salg, du får to for ein eller fordi du for eksempel har ein dårlig dag og treng ei oppmuntring. Vil du vere glad i denne buksa eller denne lampa om to år, fire år? Passar det til det du allerede har? Treng du det? Bevisstheit er nøkkelen.

Vi trur også på å gi bort det du sjølv ikkje brukar til folk som treng det – venner, familie, ho som sit på gatehjørnet, eller til UFF eller FRETEX. Å kaste noko som kan glede nokon andre er ein skikkelig uting. Berre pass på at du ikkje bruker det som unnskyldning for å gå ut og handle nye ting du ikkje treng…

Når det gjeld forbruket ellers, så trur eg på å kun kjøpe ting og klær som ein verkeleg elskar, ikkje fordi du får to for ein eller fordi du treng ei oppmuntring. Vil du vere glad i denne buksa eller denne lampa om fire år? Passar det til det du allerede har? Treng du det? Bevisstheit er nøkkelen.

Hva kan du gjøre for å holde motivasjonen til å slanke restavfallet oppe?

– Ei undersøking viste at dei som er lykkeligast her i verda, er dei som klarer å leve i tråd med verdiane sine. Er du opptatt av miljø og klima, så gjer det du kan i kvardagen din. – Å slutte og kaste spisbar mat er ein enkel start for dei fleste. Kastar du mindre, handlar du mindre, noko som frigjer tid som du kan bruke på andre ting, for eksempel trening. Bedre råd får du også! Og tek du færre impulsturar i dagligvarebutikken eller på nett, og i staden blir god på å planlegge innkjøpa dine, er sjansen større for at du velg sunnare og grønare.

dei som er lykkeligast her i verda, er dei som klarer å leve i tråd med verdiane sine. Er du opptatt av miljø og klima, så gjer det du kan i kvardagen din.