PROGRAMLEDEREN: Du skal redda verda, i ditt vesle liv

Linda Eide sine slanketips tok nesten pusten fra oss. Her forteller hun hvorfor og hvordan DU skal redde verden.

Del denne saken

1. Nevn noe enkelt man kan gjøre for å slanke restavfallet?

– Finn ein eller to gode grateng- eller paioppskrifter som gjer det muleg å stappa restane i ein slik middag. Og dersom brokkolien, grønkålane, spinaten eller andre kortliva ingrediensar er på veg mot dei evige jaktmarker inne i kjøpeskapet, ta og forvell eller steik eller gjer noko som gir dei lengre liv, og så kan dei leva litt lengre der inne i skapet, eller dei kan frysast.

Finn ein eller to gode grateng- eller paioppskrifter som gjer det muleg å stappa restane i ein slik middag.

2. Hva er viktig for å oppnå varige resultater?

– Ikkje følgja oppskrifter slavisk, slik at du må ha heile nye ingrediensar som du berre skal ha litt av. Lat det gå litt sport i det. Sjå om du ei veke kan tømma kjøleskapet og matskapet, at du berre brukar ting som er der, utan å kjøpa noko nytt. Folk har funne opp gode matrettar på dette dogme-viset, før deg!
Nekt å bli med på tre for to-kjøret i butikkane. Har du bestemt deg for to bollar så dropp den tredje sjølv om den er så godt som gratis. Det var to du skulle ha, det er to du treng, det er to du orkar å eta. Det er ein uting med all denne pushinga av mat me ikkje treng, til same prisen som for mindre.
Ein god ting for å få ned matsvinnet ville vera å gjera maten dyrare. Det ville vera ein god ting også for mange bønder og arbeidarar i matindustrien. Me brukar masse pengar på ting som skal gjera oss sunne og friske, mens det me stappar inn i kroppen, helst berre skal vera så billeg som muleg. Eit paradoks.

Nekt å bli med på tre for to-kjøret i butikkane. Har du bestemt deg for to bollar så dropp den tredje sjølv om den er så godt som gratis. Det var to du skulle ha, det er to du treng, det er to du orkar å eta.

3. Hva kan du gjøre for å holde motivasjonen til å slanke restavfallet oppe?

– For å gjera ein god jobb for kloden på permanent basis, kan det vera lurt å heva blikket. Tenk deg sjølv svevande ute i rommet, tittande ned på den fantastiske blå kloden, som er heimen vår. Den einaste planeten me veit om med liv, og for eit liv! Fantastiske under av natur og kultur! Skal me vera den generasjonen som piner ut den siste resten av leveleg liv her? Skal me vera den generasjonen som skal ruinera dette livet som det har tatt over 3 milliardar år å utvikla? Nei, det skal me ikkje. I den store samanhengen må det takast overordna politiske grep, det er opplagt. I den vesle samanhengen, som blir stor når alle deltek, skal du og eg gjera det me kan i vår kvardag. Slik er det berre. Difor skal alt etast, difor skal kler gjenbrukas, difor skal søpla utnyttast, difor skal du redda verda, i ditt vesle liv. Og så skal det bli automatikk, og null problematikk, amen!

Tenk deg sjølv svevande ute i rommet, tittande ned på den fantastiske blå kloden, som er heimen vår. Den einaste planeten me veit om med liv, og for eit liv! Fantastiske under av natur og kultur! Skal me vera den generasjonen som piner ut den siste resten av leveleg liv her? Skal me vera den generasjonen som skal ruinera dette livet som det har tatt over 3 milliardar år å utvikla? Nei, det skal me ikkje. I den store samanhengen må det takast overordna politiske grep, det er opplagt. I den vesle samanhengen, som blir stor når alle deltek, skal du og eg gjera det me kan i vår kvardag. Slik er det berre. Difor skal alt etast, difor skal kler gjenbrukas, difor skal søpla utnyttast, difor skal du redda verda, i ditt vesle liv. Og så skal det bli automatikk, og null problematikk, amen!