Greit å vite

Ryggsekkar som er heile eller lette å reparere sorterer du som brukbare klede og tekstilar.

Ryggsekkar som er holete, flekkete eller av andre årsaker ikkje går an å bruke igjen sorterer du som øydelagde klede og tekstilar.

Klede og tekstilar kan med enkle grep ofte bli brukt lenger.

Reparer hol, saumar, knappar eller glidelåsar sjølv, eller få hjelp av ein skreddar. Flekkar og nuppar kan du ofte fjerne. Få gode tips her.

Klede og tekstilar du ikkje lenger brukar, kan du selje, gi vekk eller bytte via til dømes Finn.no, Tise, loppemarknad eller lokale gjenbruksordningar. Arranger gjerne byttekveld med vener og bekjente.