Dessertostboks
Sorterer de som metallemballasje i
Tøm boksen for restar før du sorterer. Det går fint med eit tynt fettlag igjen.
- Skrap ut eventuelle restar og sorter som matavfall om dei ikkje kan etast
- Skyll boksen og lokelt i kaldt vatn. Ta ein liten sveip med oppvaskbørsten om det trengs.
- Rist den drypptørr og sorter. Etiketter kan vere på.
Er boksen veldig tilgrisa? Lar den stå i litt vatn til innhaldet løyser seg opp, eller bruk litt tørkepapir for å få ut restane. Tørkepapir med restar sorterer du som matavfall.
Restar igjen i boksen?
Det er i utgangspunktet ikkje farleg å setje mat frå ein åpna hermetikkboks i kjøleskapet, men det vert anbefalt å ha maten over i ein annan behaldar. Metallet frå boksen kan reagere med maten etter at boksen er åpna, spesielt om den står ei stund.
Hermetikk utgått på dato
Sjølv om "best før"-datoen på hermetikken er passert, betyr det ikkje at maten ikkje kan etast. Hermetikk kan halde seg lenge over "best før"-datoen. Åpne boksen og sjå, lukt og smak.
Gjenbruk boksen
Bruk den som blomsterpotte, lyslykt eller til praktisk oppbevaring av småsaker som pennar og knappar.
