Avfall med ftalatFarleg avfall

Membranar

Sorterer de som bygg- og anleggsavfall, avfall med ftalat eller farleg avfall på jobb

Membranar i byggje- og anleggsavfall er tettemateriale eller isolasjonslag som blir brukte i konstruksjonar. Membranar kan vere laga av ulike typar materiale, til dømes plast, gummi eller bitumen.

Membranar kan innehalde miljøfarlege stoff. Det er vanskeleg å skilje dei ulike typane, og det er difor tryggast å behandle membranar som ikkje er analyserte, som farleg avfall.

Avhengig av tilstand og kva type materiale membranen er laga av, kan den bli brukt vidare eller bli levert til ombruk i andre byggjeprosjekt.