Matavfall

Matrestar

Sorterer de som matavfall på jobb

Skrap matrestane rett i matavfallet. Våte restar frå suppe og saus kan du tørke bort med ein brukt serviett eller tørkepapir.

Har du flytande matrestar du ikkje får ete opp, kan små mengder sorterast i matavfallet.

Skyl du matrestar ut i vasken eller i toalettet, kan det skape problem i avløpsnettet og tiltrekkje seg rotter. Les meir om dette hos Norsk Vann.


Å kaste mindre mat er ikkje berre bra for miljøet, det er også bra for lommeboka. Gode tips for å kaste mindre mat:

  • Bruk sansane. Sjølv om maten har gått ut på dato, betyr det ikkje at den ikkje er eteleg. Sjå, lukt og smak for å sjekke.
  • Ha restelunsj på kontoret ein dag i veka. Putt spinaten i ein smoothie eller lag ei nydeleg gulrotkake av dei slappe gulrøtene.
  • Oppbevar restar i tette boksar.

Basert på råd frå Forbrukarrådet og Matvett.