Farleg avfall

Målingsspann i metall med restar

Sorterer de som farleg avfall på jobb

Målingsspann i metall med restar er farleg avfall og leveringspliktig.

All emballasje brukt til måling, lakk, lim, trykkfarge eller sparkel som er tom, tørr og ikkje er merka som farleg, kan de levere gratis til Tomt & Tørt. Les meir om Tomt & Tørt her.


Tips til bruk av målingsrestar:

  • Har de mykje måling igjen? Ta vare på dette til seinare, det kan ofte vere behov for flekking eller eit nytt strøk ved oppussing.
  • Kva med å fornye møblane på kontoret eller i kantina?
  • Gje bort måling til kollegaer, vener eller familie. Kanskje du kan dele farge- og interiørtips med nokon som kunne ha glede av litt forandring?