Eingongsbestikk
Sorterer de som restavfall på jobb
Alle typar eingongsbestikk, om det er laga av plast, tre, papir eller merka som nedbrytbart eller komposterbart materiale, kastar de i restavfallet.
Byt ut eingongs med fleirgongs! Eingongsbestikk har eit kort liv uansett kva det er laga av. Kjøp inn bestikk til arbeidsplassen som de kan ha glede av i lang tid.
Må du ta lunsjen på farta? Vel noko du slepp å bruke bestikk til, eller legg bestikk/turbestikk i veska eller sekken du brukar mest. Eller i skuffa på kontoret, så er du alltid klar!