Blyakkumulatorar
Sorterer de som batteri på jobb
Blyakkumulatorar blir hovudsakleg brukt som startbatteri for bilar, motorsyklar, traktorar og liknande, samt som driftsbatteri for blant anna truckar og elbilar. Desse er farleg avfall og leveringspliktige.
Stable brukte blyakkumulatorar på pall (maks tre i høgda) og legg isolerande plater, som papp eller isopor, mellom dei. Til slutt, pakk pallen inn i plast for sikker transport.
Er blyakkumulatorane skadde, må de tette dei før de plasserar dei på pall for å hindre lekkasje av batterisyre. Dersom lekkasjen ikkje er mogleg å tette, må de plassere blyakkumulatorane separat i godkjende behaldarar.