Metallemballasje

Aluminiumsfolie

Sorterer de som metallemballasje på jobb

Fjern matrestar frå aluminiumsfolien før de sorterer den. Det er greitt om folien er litt svidd.

Dersom de må bruke veldig mykje vatn for å få aluminiumsfolien rein for matrestar, kan de kaste den i restavfallet i staden.


Pakkar du matpakken i aluminiumsfolie, eller brukar du den som “lokk” til skåler og behaldarar?

Då kan du spare på folien og bruke den om att fleire gongar. Eventuelt kan du byte frå eingongs- til fleirgongsløysingar! Det finst fleire alternativ som tek like godt vare på maten: tomme syltetøyglas, plastboksar eller matboksar du har liggjande.