Metallemballasje

Metallemballasje er all emballasje for mat, drikke og produkt som er laga av metall (med unntak av drikkeboksar med pant).

Det er svært energibesparande å gjenvinne metall samanlikna med å utvinne nye råmateriale. Opptil 80 prosent av alt metall som nokon gong er produsert, er utruleg nok framleis i bruk og har vorte resirkulert utan tap av kvalitet.


Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Metallemballasje på jobb

  1. Skyl metallemballasjen eller tørk ut restane med ein brukt serviett eller tørkepapir. Lever metallemballasjen heilt fri for produktrestar (det går fint om det er eit tynt feittlag igjen).
  2. Sorter metallemballasjen i behaldaren for glas- og metallemballasje.
  3. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.


Typiske produkt de sorterer som metallemballasje på jobb:

  • Hermetikkboksar
  • Påleggstubar i metall
  • Syltetøylokk
  • Aluminiumsformer
  • Aluminiumsfolie
  • Makrell i tomat-boksar
  • Leverposteiboksar
  • Fakkelboksar
  • Dyrematemballasje i metall
  • Matoljekanne
  • Drikkeboksar utan pant


Typiske produkt de ikkje sorterer som metallemballasje på jobb:

  • Tilgrisa emballasje
  • Spikar og skruar
  • Småbatteri
  • Knivar
  • Gryter og panner
  • Lyspærer, sparepærer og lysrøyr
  • Gardinstong
  • Vaffeljarn
  • Sprayboksar med drivgass og tomme sprayboksar
  • Pillebrett
  • Målingsspann i metall
  • Folieposar av plast og metall
  • Metallgjenstandar som ikkje er metallemballasje
  • Metallemballasje med faremerking