Laminat
Laminat består av fleire plasttypar og blir ofte brukt som emballasje for ferske matvarer (ost, kjøtpålegg o.l.).
Slik handterer de Laminat på jobb
- Plasser sekkestativ for laminat på ein lett tilgjengeleg stad, og sorter avfallet i transparente sekkar.
- Merk avfallsbehaldarane tydeleg med riktig plasttype.
- Sorter laminat separat frå stroppeband og anna plast. Det kan vere vanskeleg å skilje laminat og folie frå kvarandre før de kjeldesorterar dei. For å vere sikker kan det vere aktuelt å ta kontakt med vareleverandøren for å få ei nøyaktig beskriving av emballasjen.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve laminatet er gratis å levere.
Typiske produkt de sorterer som laminat på jobb:
- Emballasje av laminat
Typiske produkt de ikkje sorterer som laminat på jobb:
- Andre typar plast