Hardplastemballasje
Hardplastemballasje er fast og solid, noko som gjer den godt eigna til å beskytte mellom anna flytande innhald.
Hardplastemballasje er laga i ulike plasttypar som HDPE, PP, PS eller PET.
Å kaste hardplastemballasje i restavfallet er dyrt og upraktisk fordi ein mister moglegheita til å gjenvinne verdifulle ressursar, samstundes som kostnadene for avfallshandtering aukar.
Slik handterer de Hardplastemballasje på jobb
- Plasser sekkestativ for hardplastemballasje lett tilgjengeleg, og sorter avfallet i transparente sekkar. Merk avfallsbehaldarane tydeleg med riktig plasttype.
- Skru av korken og lever den laust.
- Skyll og rist emballasjen slik at den blir drypptørr. Produktrestar som er farleg avfall, er leveringspliktige.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve plastemballasjen er gratis å levere.
Typiske produkt de sorterer som hardplastemballasje på jobb:
- Plastbeger
- Kanner
- Flasker
- Spann og hylser
Typiske produkt de ikkje sorterer som hardplastemballasje på jobb:
- Drikkevareemballasje med pant
- Emballasje merka med følgjande faresymbol: Akutt giftig, oksiderande, gass under trykk, eksplosjonsfarleg, kronisk helserisiko, brannfarleg
- Produkt av hardplast