Kartong

Kartong, eller emballasjekartong, er boksar, drikkekartongar og esker som har inneheldt alt frå frossenpizza, mjølk og kjeks til verktøy og utstyr.

Ved å sortere kartong reduserer de behovet for å hente ut nye råvarer for å lage ny emballasje.


Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Kartong på jobb

  1. Skyll eller tørk kartongen fri for restar.
  2. La den tørke ei stund opp ned.
  3. Brett kartongen saman, slik at den tek minst mogleg plass i behaldaren.
  4. Krav til korleis de sorterer kartong varierer. Er du usikker på kva som gjeld for deira bedrift? Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med.


Typiske produkt de sorterer som kartong på jobb:

  • Frukostblandingeske
  • Pizzaesker
  • Eggekartong
  • Skoesker
  • Esker som har inneheldt frukostblanding, kjeks, ris, småelektronikk, kosmetikk, verktøy og utstyr
  • Yoghurtkartong


Typiske produkt de ikkje sorterer som kartong på jobb:

  • Fuktig papir, papp og kartong
  • Papir, papp og kartong som er tilgrisa med mat
  • Laminat og produkt som inneheld plast
  • Anna avfall