Løysemiddel

Løysemiddel er ofte klare væsker med sterk lukt. Det svir i auga, gir hovudverk og kvalme. Kjem på flasker eller kanner.

Vanlege løysemiddel utan halogen: white spirit, tynner, rødsprit, lynol, tennvæske, vindusspylervæske, avisningsvæske terpentin, alkoolder, aceton osv.

Vanlege løysemiddel med halogen: perkloretylen fra renseri, kloroform, trikloreten, triklormetan

Kvifor sortere løysemiddel?

  • Leveringsplikt: Løysemiddel er farleg avfall og det må de levere til godkjent mottak.
  • Helsefare/miljøfare: Innanding av damp frå løysemiddel kan gi hjerneskadar og skadar på indre organ.
  • Sluttbehandling: Blir sendt vidare til forbrenning i eigna anlegg.


Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Løysemiddel på jobb

Løysemiddel er farleg avfall og må bli sendt til deklarering. Løysemiddel med og utan halogen må bli sendt til deklarering kvar for seg.

  • Unngå å puste inn damp frå løysemiddel.
  • Bruk verneutstyr ved handtering.
  • Sørg for tett emballasje og oppbevar på ein stad med god ventilasjon.
  • Unngå flammar og gnistar.


Merk emballasjen med kva det inneheld, dersom løysemiddelet ikkje blir oppbevart i originalemballasjen.