Glas
Alle produkt av glas som ikkje er glasemballasje.
Glasprodukt kan ha andre eigenskapar og høgare smeltegrad enn glasemballasje, eller innehalde farleg avfall, og kan difor ikkje bli gjenvunne saman med glasemballasje.
Slik handterer de Glas på jobb
Produkt av glas utan miljøgifter (til dømes bilglas):
- Sorter ulike typar glas kvar for seg.
- Avhengig av kva avtale verksemda har, blir avfallet anten henta hos verksemda eller levert til eit godkjent mottak.
Produkt av glas som inneheld miljøgifter (til dømes vindauge med PCB) eller elektronikk (til dømes lyspærer/sparepærer), sorterer de som farleg avfall:
- Sorter ulike typar glas kvar for seg.
- Merk emballasjen slik at det kjem tydeleg fram at avfallet er farleg avfall. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.
Typiske produkt de sorterer som glas på jobb:
- Bygningsglas
- Vindaugsglas (merk: mange vindaugsglas blir rekna som farleg avfall, til dømes isolerglasruter)
- Bilglas
- Produkt av glas, til dømes glasvasar, øl- og vinglas
- Laminert og ikkje-laminert glas
Typiske produkt de ikkje sorterer som glas på jobb:
- Glasemballasje
- Vindaugsruter med PCB
- Lyspærer