Forureina massar
Forureina massar er gravemassar som jord, torv, myr, stein, grus og andre massar som er forureina, men som ikkje er klassifisert som farleg avfall.
Avfall blir rekna som farleg avfall når det oppfyller kriteria i vedlegg 2, til avfallsforskrifta kapittel 11.
Slik handterer de Forureina massar på jobb
- Gjennomfør analysar for å avdekke forureiningsgraden.
- Last ned skjema for basiskarakterisering, fyll det ut og lever det saman med avfallet.
- Er de usikre på korleis de skal gjennomføre analysen eller basiskarakteriseringa? Ta kontakt med avfallsselskapet dykkar for rettleiing.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste godkjende mottak.
Ver merksame på at sjølv om eit mottak har løyve til å ta imot ein avfallstype, har det ikkje nødvendigvis plikt til å ta imot avfallet. Ulike deponi og avfallsanlegg kan også ha eigne mottakskriterium som skil seg frå avfallsforskrifta. Ta gjerne kontakt med mottaket på førehand dersom de er usikre på om dei kan ta imot massane.
Typiske produkt de sorterer som forureina massar på jobb:
Forureina massar frå graving:
- Jord
- Torv
- Grus
- Stein
- Myr
Typiske produkt de ikkje sorterer som forureina massar på jobb:
- Ikkje-forureina massar
- Betong med armering
- Betong utan armering
- Lett forureina massar
- Forureina betong og tegl
- Massar over grensa for farleg avfall