PP-folie

PP-folie er mjuk og knitrande plast som blir brukt som emballasje for blomar, matvarer, dokument og liknande.

Å kaste PP-folie i restavfallet er dyrt og tungvint, fordi ein mister moglegheita til å gjenvinne verdifulle ressursar, samstundes som kostnadene for avfallshandtering aukar.


Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de PP-folie på jobb

  1. Plasser sekkestativ for PP-folie der varene blir pakka ut, og sorter avfallet i transparente sekkar. Merk avfallsbehaldarane tydeleg med riktig plasttype.
  2. Fjern jord, stein, andre plasttypar, avfall, vatn og is frå folien.
  3. Press folien i ballar for å sikre mest mogleg effektiv og miljøvennleg transport og handtering.
  4. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve folien er gratis å levere.
  5. PP-folie blir ofte sortert i klar og farga. Er du usikker på kva som gjeld hos di bedrift? Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med.


Typiske produkt de sorterer som PP-folie på jobb:

  • Ikkje-elastisk folieplast
  • Transport- og produktemballasje for blomar, matvarer, dokument


Typiske produkt de ikkje sorterer som PP-folie på jobb:

  • Andre typer plast og avfallstyper