Syrer
Syrer er som regel flytande og kjem på flasker eller kanner.
Bruk alltid verneutstyr ved handtering, alle syrer kan etse hud og auge. Syrer er farleg avfall og leveringspliktig.
Slik handterer de Syrer på jobb
- Sorter organiske og uorganiske syrer kvar for seg. Det er viktig at syrer og basar ikkje vert blanda.
- Bruk verneutstyr ved handtering. Unngå søl og sprut på hud og auge.
- Merk emballasjen slik at det kjem tydeleg fram at avfallet er farleg avfall. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.
Typiske produkt de sorterer som syrer på jobb:
Organiske syrer:
- Eddiksyre
- Fettsyrer
- Maursyre
- Karboksylsyrer
Uorganiske syrer (mineralsyrer):
- Saltsyre
- Svovelsyre
- Salpetersyre
- Flussyre
Typiske produkt de ikkje sorterer som syrer på jobb:
- Basar
- Løysemiddel
- Reingjeringsmiddel