Rundballeplast

Rundballeplast er folie brukt som emballasje til høy og halm.

Plasten er ofte rein og einsarta og egnar seg difor godt til materialgjenvinning.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Rundballeplast på jobb

  1. Sorter kvit og farga rundballeplast kvar for seg.
  2. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve rundballeplasten er gratis å levere.
  3. Usikker på kvar du kan levere inn? Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med, eller næraste aktør som samlar inn næringslivsplast.


Typiske produkt de sorterer som rundballeplast på jobb:

  • Kvit rundballeplast
  • Farga rundballeplast


Typiske produkt de ikkje sorterer som rundballeplast på jobb:

  • Gjødsel- og såkornsekkar
  • Fiberduk
  • Rundballenett
  • Solfangarfolie
  • Jord, sand og produktrestar
  • Andre typar plast og avfallstypar